mandag 14. november 2022
Gardshistorie: Pantebøkene
torsdag 17. mars 2022
Gardhistorie: om dei eldre panteregistra, serie 1 1732 - 1805 og serie 2 1785 - 1864
Som ein kan sjå av den førre bloggen, 10. februar, var det altså to seriar panteregister før den som kanskje er mest kjent, den som går frå 1863. Men den har som nemnt med nokså mange eldre dokument, særleg heimelsdokument, som var nokså gamle. På dømet som er med der, Sør-Slettom, ser vi at det første dokumentet er skøyte frå "Peder Christensen til Henrik Hansen, dateret og thingl. 7 Juni 1794". Peder er nr. 8a i lista over folket på garden i bygdeboka, medan Henrik er nr. 10, men han døydde alt i 1800!
Har må det altså til ei forklaring, så vi hentar like godt opp att øvste del av pantergistersida:
Serie 2 register 1
Serie 2 register 2 Lesjaverk
Serie 1 1732 - 1805
- Det pandtsatte Gods og Skyld
- Pandsetter- ne
- Pandhaver- ne
- for hvad Suma
- Brevets dato
- Naar Tinglyst
- Prot. Fol.
- hvad Forandring eller naar Aflyst
torsdag 10. februar 2022
Gardhistorie: om dei eldre panteregistra, først serie 3 1863-1950
Som eg har gjort greie for før, er altså heimelsdokument viktige gardshistoriske kjelder. Det er altså dokument som er tinglese (tinglyst), og som ein i dag finn i grunnboka; sjå tidlegare blogginnlegg. Slike dokument finn ein altså ved hjelp av to forskjellige før tinglysingslova av 1935:
- panteregisteret, der referanse til slike dokument er lista kronologisk, og
- panteboka, der innhaldet i dokumenta er avskrive i prinsippet bokstavrett, tilsvarande det originale dokumentet (til dømes eit skøyte), som han som la det fram for tinglysing tok vare på sjølv.
Rundt om på mange gardar ligg det slike tinglyste dokument, der ein altså alltid vil finne ei avskrift i protokollen - panteboka - som sorenskrivaren har hatt lagra. Nå er desse protokollane innleverte til Arkivverket og ein kan slå opp i dei på Digitalarkivet.
Men utgangspunktet er altså panteregistra, og når ein søkjer på desse for Lesja kommune på Digitalarkivet får ein opp tre seriar:
- Panteregister - 1. serie:
- 1. Nord-Gudbrandsdal sorenskr. 1732 - 1805 Realregister. Panteobligasjoner i fast eiendom og løsøre.
- Panteregister - 2. serie:
- 1. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1785 - 1864 Realregister
- 2. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1849 - 1864 Realregister for Lesja verk.
- Panteregister - 3. serie:
- 1. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1863 - 1950 Realregister
- 2. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1917 - 1950 Realregister. Tillegg.
- 3. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1928 - 1950 Realregister. Tillegg.
Her ser ein øvst informasjon om eigedomen (garden): løpenummer og skyld i daler-ort-skilling etter 1838-matrikkelen, det nye gards- og bruksnummeret (12/5) og den nye skylda etter 1886-matrikkelen på 2 mark 72 øre.
I tillegga er framhaldet for dei enkelte gards- og bruksnummer førte etter kvart som hovudsidene i 1863-1950-registeret vart utskrive. Så på sida framafor 12/5 står framhald for Nørstebø gnr 135/1.
mandag 31. januar 2022
Gardshistorie: Om heimelsdokument i 'gamal grunnbok'
Dette er ei oppfølgjing av bloggposten frå 24. januar, om nyare heimelsdokument. Først litt om historia til grunnboka; ho er den eine hovuddelen i tingslysingssystemet, og har namn på den som har heimel til ein eigedom og rettar som ev. heftar på eigedomen. Den andre delen av systemet er matrikkelen. Desse to utgjer i dag Eigedomsregisteret, i drift frå 1995.
Nemninga grunnbok kom inn i lovverket med tinglysingslova av 1935. Det er eigentleg litt upresist, for det omfattar det tidlegare panteregisteret, der alle tinglyste dokument var og blir ført inn, og i dag gjeld det òg sjølve dei tinglyste dokumenta, som skøyte, jordskiftebeskrivingar, pantobligasjonar osv. Den grunnboksutskrifta ein i dag kan laste ned gratis frå Kartverket (sjå blogg 24.1.22) er eigentleg ei direkte vidareføring av panteregisteret.
Panteregisterert inneheldt registrering av og tilvising til innhaldet i panteboka, sjølve dei tinglyste dokumenta, som grunnboka nå. Fram til 1950 ligg desse dokumenta ope tilgjengeleg i Digitalarkivet. Treng du nyare tinglyste dokument må dei bestillast frå Kartverket.
Og med det er vi nærmare 'gamal grunnbok'. Når du har gardsnrummer og bruksnummer, er det utgangspunktet for å søkje i 'gamal grunnbok': https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb
Her er det ei lenke til 'Veiledning for søk', og ved utfylling får du ei pdf-fil som består av fleire sider:
- Framside med kommune-, gards- og bruknummer og namnet på eigedomen:
- Neste side har ei innhaldsliste, som eigentleg berre viser til dei enkelte sidene
- Og så den første (viss fleire) sider med dei innføringane som er gjort. Merk at sjølv om bruken av desse arka starta først etter lova av 1935, vil det vere innført eldre dokument som framleis var gyldige, til dømes refernse til skylddelingsforretninga da eigedomen vart etablert.
Som ein kan sjå her, er det kolonne for dagboknummer og 'dagbokført' (dato). Her er det ikkje ført noko, men tinglysinga frå 1935 vart gjort ved at dokument som vart innleverte vart dagbokførte med nummer og dato, og det må ein da nytte for å finne desse dokumenta.
Har ein desse, kan ein bestille dei frå her: https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/search - men Arkivverket har ikkje fullført arbeidet med å registrere alle dokument på nummer, så det kan bli bom sjølv om dokumentet finst. Da kan ein finne sjølve pantebok på årstal og bla manuelt.
Døme på skøyteavskrift ein kan hente ned etter søk på gardsnummer/bruksnummer.
mandag 24. januar 2022
Gardshistorie: om nyare heimelsdokument
I ei gardshistorie bør ein sjølvsagt ha oversyn over heimelsdokumenta som gjeld garden, i betydninga ein eigedom med gards- og bruksnummer (gnr./brnr.) i matrikkelen. Det er dokument som på dateringstidspunktet definerer kven som har rettsleg grunnlag for å eige eller kan bruke garden.
Slike dokument finn ein i grunnboka, som i dag er eit digitalt dokument for kvart bruksnummer (tilsvarande). Der finn vi namnet på eigaren og normalt når ho/han har overteke, gyldige heftingar som er registrert (tinglyst) på eigedomen (dette kan vere mykje, som til dømes utskifting, kraftliner, reglar for veg osv. , mange av desse kan gjelde fleire bruksnr.) og 'Grunndata', om når bruksnummeret er oppretta, om andre er utskilt frå denne o.a. Sjå døme nedst.
Enklaste måte å finne dette dokmentet på er via Kartverket si netteneste www.seeiendom.no - når ein veit gnr./br.nr. Det har ein ofte på eigne dokument, viss det gjeld eigen eigedom. Ein annan måte å finne nummera på er å gå via www.norgeskart.no, søkje seg inn på eigedomen på kartet og klikke på den,. Da kjem det opp ein meny det namnet eller vegadressa på staden kjem øvst, og så nokre val:
Her ein to val: 'Vis grunnboken' og 'Bestill fra grunnboken'. Den siste styrer ein til ei eiga e-handelsside, der ein kan bestille stadfesta dokument mot betaling.
Ved å klikke på 'Vis grunnboken' kjem ein til ei innloggingsside med elektronisk ID, mellom anna bank-ID. Logg på der, og ein får automatisk lasta ned ei grunnboksutskrift for eigedomen.
Ein kan fritt søkje på fleire nummer og få nedlasta slike utskrifter, så lenge ein er innlogga.
Grunnboka for Lesjaskog skule:
lørdag 22. januar 2022
Meir om kva bygdeboka kan nyttast som utgangspunkt for
Denne bloggen har blitt liggande roleg nå sidan rett før jul i 2017. Den har vore kopa til denne Facebook-gruppa: "Bør det startast eit prosjekt for å oppdatere Bygdebok for Lesja bind 1-3?", som eg nå forsøker å endre til "Korleis oppdatere gardshistorie bygd på Bygdebok for Lesja bind 1-3"; altså ei opning av temaet. Og det er ei oppdatering som ikkje skal blandast saman med innhaldet i dei trykte bøkene.
Prosjektet om å oppdatere med eit nytt bind, der fokus skulle vere sjølve personinformasjonen, ser det ikkje ut til å vere muleg å få til. Eit slikt prosjekt må sjølvsagt ha som mål å få med alle som bur og har budd i bygda i det som snart er ein generasjon sidan i alle fall Lesjaskogbindet kom ut (1987). Det vil bli nokså arbeidskrevjande (sjå lenger ned i bloggen), og det er jo kanskje ikkje alle som vil vere med.
Men desse tre bygdebokbinda har altså eit førsteledd, "gardshistorie", som eigentleg ikkje var tenkt å vere med i eit ev. nytt bind, anna enn i form av oppdaterte kart og slik at nye heimar / bustadhus sjølvsagt måtte få plass.
Gardshistoriekapitla i bøkene er neppe det som blir lese mest... - enda det var det eg eigentleg vart beden om å skrive da eg vart kontakta av bygdeboknemnda:
Det stemte for så vidt bra, takka vere det grunnlaget overlærar Per Berg hadde lagt for bygdebokarkivet. Men innhaldet der dekte i all hovudsak det ein finn i offentlege, skriftlege kjelder fram til førre hundreårsskifte, når ein ser bort frå nokre svarskjema innsamla av Arne Amundgård (som var tilsett på prosjektet før meg). Eg organiserte òg litt slik innsamling, som er grunnlaget for dei formuleringane ein finn sist i dei fleste gardshistoriedelane, til dømes denne frå Nordistugu Norderhus, bind 2 side 283-84:
Drifta på garden i dag er mjølk- og kjøtproduksjon, og skogsdrift. Det er 26 mjølkekyr, 10 kviger, 15 kalvar og 26 uksar (gjennomsnitt siste åra). Til garden høyrer 224 mål dyrka mark, moldjord, 640 mål produktiv skog og 50 mål anna areal. Sist det vart dyrka korn til trusking her, var i 1969. Garden har seter på Nysetre i Lordalen. Ho var i drift til 1957. Dei hadde heimseter på Liakvee på andre sida av Lågen (sjå skisse s. 270).
I tillegg kunne det vere med nokre ord om brukarane hadde hatt anna arbeid, men elles var nok dette omtrent det meste vi hadde. For fleire hadde vi ikkje noko som helst, så der er formuleringa berre til dømes:
Det var så allsidig husdyrdrift på garden framover 1900-talet. Attåtnæringar har det ikkje vore trong til.
Eg visste sjølvsagt at det fantest (og finst framleis) mykje stoff om gardane - i tydinga gardsbruka, dei enkelte driftseiningane - som det ikkje var muleg å innarbeide i bokformatet. Eit konkret tema som er nokså vanleg i slike bøker - og vart drøfta med nemnda for Lesja - er til dømes husa på gardane: kor gamle er dei, kven bygde dei, når vart dei bygd. osv. Men det grunnleggjande prinisppet for gardshistorie i slike bygdebøker er som oftast at ein ikkje skal gjere forskjell på forteljingane, i alle fall ikkje i for stor grad. Ein må bygge på kjelder ein har, og manglar slike, til dømes om husa, må ein skaffe det for alle objekta i forteljinga (bokverket). Det såg vi oss altså ikkje i stand til for dette temaet i Lesjabøkene.
Det eg dermed opnar for nå, er å vere til hjelp for folk som er interessert i historia til garden dei har eit forhold til, som heimgard og bustad i dag, som gamal slektsgard eller anna, med å finne kjeldestoff dei kan bruke sjølve til å skrive si eiga gardshistorie. Eg kjem tilbake med tips i seinare innlegg på denne bloggen.
mandag 4. desember 2017
Bind 1 Lesjaskogen er utseld - muleg opptrykk?
Gjennom ein uforpliktande sjekk av kva eit eventuelt opptrykk av bind 1 vil koste har vi kome fram til følgjande: Først må nokre arbeidsoperasjonar gjerast: ein må, som klargjering for trykking, reinskjera ei original bok til enkeltsider (636 sider). Desse må så skannast i to omgangar: først som tekst og deretter i bildemodus for å få god nok kvalitet på fotografia. Deretter kjem kostnaden med trykking, som heng saman med kor mange eksemplar som skal trykkast (opplaget).
Ein slik produksjon, med eit opplag av bind 1 på 500 eksemplar, ser ut til å kunne gjerast for ein stad mellom kr. 85.000 og 90.000 (+ mva).
Førsteopplaget av bind 1 hadde ein utsalspris per bind på kr. 300, men det er kanskje rimeleg å doble denne for eit nytrykk?
fredag 24. november 2017
Refleksjonar kring inntektene av eit eventuelt nytt bygdebokbind
Når det gjeld bygdebøker av denne sjangeren (busetnads- eller gards- og slektshistorie) generelt, veit ein rett nok at dei er rimeleg sikre salssuksessar, med eit forbehold i høve dei store "døgnfluene": dei får vanlegvis eit løft når dei blir utgjevne, men blir så selde over lang tid, mange år.
Lesja kommune har for så vidt gode erfaringar med slikt boksal. Kommunen har vore forlag ikkje berre for bygdebøkene, men i alle fall òg for Øystein Mølmen: Jakt og fangst i Lesja, Ivar Kleiven: Lesja og Dovre (lenka går til 1923-utgåva, men kommunen gav i 1981 ut eit identisk nytrykk) og fleire.
Det som ofte gjer det vanskelegare å bruke dei erfaringane ein kommune har frå boksal, er manglande rutiner for registrering av boksalet. Det er oppgåver som kjem inn i mellom alt det andre ein kommuneadministrasjon skal drive med, ein manglar kanskje spesifikke postar i rekneskapssystemet osv. For i det heile å vete kor mange bøker som er selde, må ein telje opp det lageret som står att og trekke det frå det opprinnelege opplaget av bøkene. Det må ein da gjere kvart år skal ein halde slikt oversyn. Så langt eg veit har nok ikkje Lesja gjort det - men om eg tek feil er det jo svært bra!
Det siste store prosjektet eg har vore involvert i er Busetnadssoga for Volda. Her oppmoda eg kommunen om å registrere salet år for år og bind for bind frå første bindet vart gjeve ut i 2005, og - som ein kan sjå av tabellen - det har blitt følgt opp. Salet første året eit bind var utgjeve er sjølvsagt størst, men det har óg noko å seie når boka vart lansert; som ein kan sjå vart bind 2 og 6 lansert like opp under jul, og salet vart nok litt mindre det året. Men som ein óg kan sjå, ettersalet av dei enkelte binda går jamt og trutt. Slik har det nok vore med Lesjabøkene òg, utan at eg altså kjenner tal, men bind 1 vart som kjent utseld for mange år sidan.
Prisen på bøker er sjølvsagt òg ein variabel. Er boka for dyr er folk mindre viljuge til å kjøpe, viss dei er usikre på om ho er verd prisen. Nå "toler" nok bygdebøker litt høgare pris enn andre fagbøker, viss dei inneheld stoff folk er interessert i. Og det gjer ofte bøker av denne sjangeren. Voldabøkene blir seld for kr. 600 per ordinært bind, kr. 500 for registerbindet og kr. 3000 for alle bøkene i ei pakke.
Volda kommune sel bøkene på same måte som Lesja har gjort: sjølv over disk eller etter bestilling per post eller telefon og i kommisjon via bokhandlarar og truleg på butikkane rundt om i bygdene. Alt utanom salet over disk fører med seg utgifter: porto for utsending (kan krevjast inn) og salsprovisjon til kommisjonærar. Desse kostnadene varierer sjølvsagt mykje, og det eg ikkje har hatt høve til å sjå på for Volda er kva som har vore bruttoinntekten på boksalet av desse bøkene (ikkje medrekna andre lokalhistoriske bøker Volda kommune òg har for sal). Med det talet delt på samla antal bind kunne ein truleg få eit oversyn over netto inntekter av boksalet for Volda, men det er altså ikkje gjort.
Eit tankeeksperiment
Eit oppdateringsbind for Lesja kan truleg seljast for kr. 600. Ein kan kanskje rekne med at viss det kjem i rimeleg tid før eit julesal, går det nok ut nærare 1000 eksemplar rimeleg raskt? Kva salsutgiftene kan bli er sjølvsagt vanskeleg å meine noko om, men det er kanskje ikkje urimeleg å kunne rekne med netto inntekter på nærare 4-500 tusen lanseringsåret og året etterpå?lørdag 18. november 2017
Sidetal, tidsforbruk og kostnader, eit muleg oppdateringsbind
Metode
Sidetalet
Tidsforbruk og kostnader
torsdag 16. november 2017
Korleis oppdatere personinformasjonen på mest muleg effektiv måte?
Den tradisjonelle måten å få inn informasjon om dei siste par generasjonane i slike bokverk på er ved å lage eit papirskjema og sende ut i alle postkassar, og så be folk om å fylle ut og returnere desse til ho eller han som har ansvaret med å skrive ut og redigere teksten ("forfattaren") som skal trykkast.
Når "forfattaren" så meiner å ha fått skrive inn familieinformasjonen komplett, har ho/han ofte, i alle fall i mine prosjekt, tatt utskrift som har blitt sendt i retur som papirpost for kontroll. Det har vore gjort med relativt kort frist før trykking. På den måten blir ansvaret for mulege feil eller manglar overført til den enkelte familie, og "forfattaren" kan avvise klager og kritikk etter lansering av bøkene. Dette vart t.d. gjort i sluttfasen med dei tre Lesja-binda.
Det er likevel fleire ulemper med denne metoden. Det blir produserte svært mykje papir, det kostar porto og det tek etter måten lang tid. Ein må kanskje bruke grendekontaktar for å få inn ferdige skjema.
I dag er jo digitalisering og effektivisering moteord som mange mislikar. Men i denne samanhengen trur eg likevel ein slik prosess kan effektiviserast monaleg gjennom systematisk bruk av nyare digitale hjelpemiddel. I dag kan ein relativt enkelt, t.d. gjennom gratis tenester som Google, sjølv produsere skjema som ein distribuerer på ymse måtar og få resultatet inn for vidare behandling.
Eg trur likevel at for eit ev. Lesja-prosjekt, der vi altså tek sikte på først å registrere dei siste familiane i dei gamle bøkene før innsamling av oppdatert og ny familieinformasjon, at dette kan gjerast enklare og raskare. Det er nemleg vanskeleg å utforme generelle skjema som skal passe for alle familiar, særleg med dei etter kvart nokså kompliserte familiestrukturane ein kan sjå i dei fleste lokalsamfunn ("dine, mine og våre barn"). Eit skjema må da ha mange og kompliserte felt for å fange opp alle variasjonar, og det kan avskrekke mange frå å gå laus på det.
Viss det skulle bli eit prosjekt med å oppdatere personinformasjonen i Lesjabøkene som eg ev. blir involvert i, ser eg derfor for meg ein meir direkte kontakt med kvar familie. Eg vil opprette ein eigen e-postadresse, og ganske enkelt be alle ta kontakt med meg på den. Til slike familiar som allereie står i dei gamle bøkene, sender eg så kopi (klipp/lim i e-postmelding) av det som er registrert, og be om kontroll og oppdatering. Når eg så får svar oppdaterer eg databasen, tar ny klipp/lim-utskrift og sender i retur. Den fram- og tilbakekontakten går til alt er oppdatert og klart til trykking.
Det er muleg at ein slik prosess må avgrensast litt, t.d. til delar av bygda og steg for steg (og kanskje også her å bruke grendekontaktar til hjelp), men det må vurderast nærare og kanskje testast.
Kom gjerne med synspunkt nedafor her.
tirsdag 16. mai 2017
Nærare om behovet for oppdatering av dei enkelte binda
fredag 5. mai 2017
Meir om etternamn i personinformasjonen
mandag 24. april 2017
Om oppdatering av personinformasjonen
onsdag 19. april 2017
Om lokalhistoriewikien i bygdebokarbeid
Det er altså gardshistoriedelane (sjå tilbodet frå 2011 s. 2) som ein kan gjere på wikien i større eller mindre grad (oppdateringsbindet bør nok ha noko slik informasjon i trykt form). Den store fordelen med wikien er at ein kan inspirere fleire til både å samle og publisere lokalhistorisk stoff. Det kan til dømes vere skuleelevar, som er meir vande med digitale medium. Gardshistoriene kan supplerast med utfyllande informasjon om personar knytt til gardane, spesielle hendingar osv. – større og mindre sjølvstendige artiklar som blir lenka inn til den enkelte garden eller bustaden. Dette kan sjølvsagt gjerast for alle slike objekt, også nyare bustadhus.
Også andre prosjekt vurderer ei slik løysing. Eg er til dømes sjølv i diskusjon med Rauma historie-lag om eit prosjekt for gamle Grytten, og har skrive ein tidleg og mangelfull første versjon av ei slik gardshistorie her.
Fordelen er som ein kan sjå at ein kan lenke opp til stader og uttrykk, gardskart, kjelder og nærare omtale av personar (sjå om Ola K. under Brukarar). Oppdateringar og supplement t.d. med gamle og nye bilde kan kven som helst gjere som har registrert seg som brukarar.
Wikien har for så vidt ikkje mange slike relativt fullstendige busetnadssogeverk, men Heimar og folk i Bykle er faktisk komplett.
Det viktigaste med ei wikiløysing er at ho er dynamisk og kan endrast etter kvart når ein oppdagar feil eller finn ny informasjon. Trykte medium er statisk og viser informasjonen per trykketidspunkt.For meg er det eigentleg utilfredsstillande å ha to avgrensingar i skrivinga: 1) eit "fikseringspunkt" (når teksten skal leverast til trykking, og 2) sidetalet i trykte publikasjonar. I slik lokalhistorieskriving er ein på "mikronivå", men som ein veit - det er mykje som kan skrivast om enkeltpersonar og om gardar.
Det er altså som supplement til innhaldet i dei gamle bøkene, både gards- og personinformasjonen, wiki kan vere ei god løysing. For dei gamle bøkene begynte eg alt i 2009 med både å rette feil og supplere med ny informasjon om personar som står som "eller ukjent" eller manglande informasjon om familiane.
Lenke til oppdateringssidene:
Bind 1
Bind 2
Bind 3
Det var særleg krysstilvisingssystemet med familienummer det vart ein god del feil i, særleg for bind 1. Eg har ein arbeidskopi av den boka, der alle feil eg fann i bd. 2 og 3 vart ført inn. Desse feila er retta opp til og med Einbugardane under bind 1, men elles nokså tilfeldig.
Kven som helst kan registrere seg som brukar av denne nettstaden, det er gratis og den blir drifta av Norsk lokalhistorisk institutt så den kjem til å vere der i overskulege framtid. Eg har laga ein liten introduksjonsfilm som viser korleis ein kan bruke lokalhistoriewikien.
tirsdag 21. mars 2017
Bruk av Widerøe flybilde i ei ev. oppdatert bygdebok
Spørsmålet nå er om desse bilda bør brukast systematisk i eit ev. oppdatert bind med busetnadshistorie.
Dei aller fleste bilda er svært god historisk dokumentasjon av korleis busetnaden i Lesja såg ut først på 1960-talet. Eg meinar nok at ein kan bruke stort sett alle av desse i ei oppdatert bok. Det optimale ville truleg vore å nyfotografere (ved hjelp av drone) tilnærma same motiv i dag, og så montere bilda frå 1962-63 opp mot nye tilsvarande bilde på same eller motståande side. Da ville ein få eit godt inntrykk av utviklinga innan busetnaden i bygda i denne perioden.
onsdag 8. mars 2017
Jordbruksteljingane 1939 og 1949
Det vart tatt opp meir detaljerte slike teljingar også på 1900-talet, mellom anna i 1907, men grunnlagsmaterialet, informasjonen om drifta på det enkelte bruket, gjekk tapt i brann hos Statistisk sentralbyrå. Heller ikkje for seinare teljingar før 1939 er grunnlagsmaterialet bevart. Det er først frå 1939 og kvart tiande år utover at ein finn slike opplysningar for kvart bruk. Men dei var innsamla under Statistikkloven av 1907, som sette sperrefrist: dei innsamla opplysningane skulle ikkje gjerast kjent for enkelte bruk før etter 60 år. Det var lov å publisere samandrag for minst fem bruk (så vidt eg hugsar). Det er bakgrunnen for dei tabellane som står i kvart grendekapittel.
Nå er det gått så lang tid at både 1939 og 1949 er fritt tilgjengelege (og 1959 blir det om to år). Mykje har skjedd med jordbruket i bygda på dei seksti åra, så eit spørsmål som må drøftast i forprosjektet er om ein skal innarbeide denne informasjonen i ei oppdatering.
Kom gjerne med synspunkt!
Dette 1939-skjemaet (for- og bakside) er frå Søre Plassen på Lesjaverk, gardsnr. 29 br.nr. 2, som òg dreiv Storteigen, gardsnr. 32 br.nr. 2 (sjå bd. 1 side 495 til 497).
tirsdag 21. februar 2017
Om etternamn i ei ev. oppdatert bygdebok for Lesja
Om denne bloggen
Eg vil derfor bruke denne bloggen til informasjon om bygdeboka og refleksjonar om muleg oppdateringsprosjekt. Det har eg skrive innleiingsvis om i dette innlegget i den vanleg bloggen min.
Eg har elles brukt bygdebokarbeidet i mange faglege skriveprosjekt, m.a. i årsskriftet (årboka) til Lesja historielag og i andre samanhengar. Ein del slike publiserte arbeid er lagt ut på denne nettstaden (eit stykke nedover, dei øvste innlegga er "papirførelesingar" i generell lokalhistorie).








