mandag 24. januar 2022

Gardshistorie: om nyare heimelsdokument

I ei gardshistorie bør ein sjølvsagt ha oversyn over heimelsdokumenta som gjeld garden, i betydninga ein eigedom med gards- og bruksnummer (gnr./brnr.) i matrikkelen. Det er dokument som på dateringstidspunktet definerer kven som har rettsleg grunnlag for å eige eller kan bruke garden.

Slike dokument finn ein i grunnboka, som i dag er eit digitalt dokument for kvart bruksnummer (tilsvarande). Der finn vi namnet på eigaren og normalt når ho/han har overteke, gyldige heftingar som er registrert (tinglyst) på eigedomen (dette kan vere mykje, som til dømes utskifting, kraftliner, reglar for veg osv. , mange av desse kan gjelde fleire bruksnr.) og 'Grunndata', om når bruksnummeret er oppretta, om andre er utskilt frå denne o.a. Sjå døme nedst.

Enklaste måte å finne dette dokmentet på er via Kartverket si netteneste www.seeiendom.no - når ein veit gnr./br.nr. Det har ein ofte på eigne dokument, viss det gjeld eigen eigedom. Ein annan måte å finne nummera på er å gå via www.norgeskart.no, søkje seg inn på eigedomen på kartet og klikke på den,. Da kjem det opp ein meny det namnet eller vegadressa på staden kjem øvst, og så nokre val:


Det er her du kan finne gjeldande eigedomsinformasjon, på det øvste valet. Klikk på det, og du får ei ny ramme:


På dette søket får ein fram gnr./br.nr.; dette gjeld altså Lesjaskog skule, gnr. 12 br.nr. 14, grunneigedomen.
Her har ein òg ein nyttig funksjon, 'Marker eiendom' - da blir grensene til grunneigedomen vist på kartet. Her er det likevel nyttig å merke seg at så langt eg forstår er det som blir vist eigentleg det vi kan kalle "ei fungerande praktisk eigedomseining" (Sevatdal 2017 side 244), altså ein eigedom som omfattar fleire bruksnummer.

Neste steg er å klikke på [VIS MER INFORMASJON]. Da får ein eit slikt skjermbilde, altså frå Kartverket sin nettstad seeiendom.no:


Der eigedomen òg er avmerkt på eit kartutsnitt, som kan forstørrast.

Her ein to val: 'Vis grunnboken' og 'Bestill fra grunnboken'. Den siste styrer ein til ei eiga e-handelsside, der ein kan bestille stadfesta dokument mot betaling.

Ved å klikke på 'Vis grunnboken' kjem ein til ei innloggingsside med elektronisk ID, mellom anna bank-ID. Logg på der, og ein får automatisk lasta ned ei grunnboksutskrift for eigedomen.

Ein kan fritt søkje på fleire nummer og få nedlasta slike utskrifter, så lenge ein er innlogga.

Grunnboka for Lesjaskog skule:


Utskrifta er disponert likt for alle, men innhaldet samsvarar sjølvsagt med tinglyst innhaldt for det enkelte bruksnummer.

I neste innlegg går eg inn på det som her er kalla 'den manuelle grunnboka'.



lørdag 22. januar 2022

Meir om kva bygdeboka kan nyttast som utgangspunkt for

Denne bloggen har blitt liggande roleg nå sidan rett før jul i 2017. Den har vore kopa til denne Facebook-gruppa: "Bør det startast eit prosjekt for å oppdatere Bygdebok for Lesja bind 1-3?", som eg nå forsøker å endre til "Korleis oppdatere gardshistorie bygd på Bygdebok for Lesja bind 1-3"; altså ei opning av temaet. Og det er ei oppdatering som ikkje skal blandast saman med innhaldet i dei trykte bøkene.

Prosjektet om å oppdatere med eit nytt bind, der fokus skulle vere sjølve personinformasjonen, ser det ikkje ut til å vere muleg å få til. Eit slikt prosjekt må sjølvsagt ha som mål å få med alle som bur og har budd i bygda i det som snart er ein generasjon sidan i alle fall Lesjaskogbindet kom ut (1987). Det vil bli nokså arbeidskrevjande (sjå lenger ned i bloggen), og det er jo kanskje ikkje alle som vil vere med.

Men desse tre bygdebokbinda har altså eit førsteledd, "gardshistorie", som eigentleg ikkje var tenkt å vere med i eit ev. nytt bind, anna enn i form av oppdaterte kart og slik at nye heimar / bustadhus sjølvsagt måtte få plass.

Gardshistoriekapitla i bøkene er neppe det som blir lese mest... - enda det var det eg eigentleg vart beden om å skrive da eg vart kontakta av bygdeboknemnda:


Brev datert 5. september 1980.

Det stemte for så vidt bra, takka vere det grunnlaget overlærar Per Berg hadde lagt for bygdebokarkivet. Men innhaldet der dekte i all hovudsak det ein finn i offentlege, skriftlege kjelder fram til førre hundreårsskifte, når ein ser bort frå nokre svarskjema innsamla av Arne Amundgård (som var tilsett på prosjektet før meg). Eg organiserte òg litt slik innsamling, som er grunnlaget for dei formuleringane ein finn sist i dei fleste gardshistoriedelane, til dømes denne frå Nordistugu Norderhus, bind 2 side 283-84:

Drifta på garden i dag er mjølk- og kjøtproduksjon, og skogsdrift. Det er 26 mjølkekyr, 10 kviger, 15 kalvar og 26 uksar (gjennomsnitt siste åra). Til garden høyrer 224 mål dyrka mark, moldjord, 640 mål produktiv skog og 50 mål anna areal. Sist det vart dyrka korn til trusking her, var i 1969. Garden har seter på Nysetre i Lordalen. Ho var i drift til 1957. Dei hadde heimseter på Liakvee på andre sida av Lågen (sjå skisse s. 270).

I tillegg kunne det vere med nokre ord om brukarane hadde hatt anna arbeid, men elles var nok dette omtrent det meste vi hadde. For fleire hadde vi ikkje noko som helst, så der er formuleringa berre til dømes:

Det var så allsidig husdyrdrift på garden framover 1900-talet. Attåtnæringar har det ikkje vore trong til.

Eg visste sjølvsagt at det fantest (og finst framleis) mykje stoff om gardane - i tydinga gardsbruka, dei enkelte driftseiningane - som det ikkje var muleg å innarbeide i bokformatet. Eit konkret tema som er nokså vanleg i slike bøker - og vart drøfta med nemnda for Lesja - er til dømes husa på gardane: kor gamle er dei, kven bygde dei, når vart dei bygd. osv. Men det grunnleggjande prinisppet for gardshistorie i slike bygdebøker er som oftast at ein ikkje skal gjere forskjell på forteljingane, i alle fall ikkje i for stor grad. Ein må bygge på kjelder ein har, og manglar slike,  til dømes om husa, må ein skaffe det for alle objekta i forteljinga (bokverket). Det såg vi oss altså ikkje i stand til for dette temaet i Lesjabøkene.

Det eg dermed opnar for nå, er å vere til hjelp for folk som er interessert i historia til garden dei har eit forhold til, som heimgard og bustad i dag, som gamal slektsgard eller anna, med å finne kjeldestoff dei kan bruke sjølve til å skrive si eiga gardshistorie. Eg kjem tilbake med tips i seinare innlegg på denne bloggen.

mandag 4. desember 2017

Bind 1 Lesjaskogen er utseld - muleg opptrykk?

Det første bindet av dei gamle bøkene, om Lesjaskogen, var - som dei andre - trykt i 2000 eksemplar. Det har vore utseld frå Lesja kommune i mange år. Kor stor etterspurnaden har vore etter at det var tomt på lageret kjenner eg ikkje til, og boka kan jo for så vidt lesast på bokhylla.no. Men ein del synes nok det er slitsamt å lese på skjerm og vil heller ha papirversjon, som altså er vanskeleg. Eit kjapt søk på nettstaden antikvariat.net gir i dag 0 treff for bind 1 (og 1 kvar på bind 2 og 3).

Gjennom ein uforpliktande sjekk av kva eit eventuelt opptrykk av bind 1 vil koste har vi kome fram til følgjande: Først må nokre arbeidsoperasjonar gjerast: ein må, som klargjering for trykking, reinskjera ei original bok til enkeltsider (636 sider). Desse må så skannast i to omgangar: først som tekst og deretter i bildemodus for å få god nok kvalitet på fotografia. Deretter kjem kostnaden med trykking, som heng saman med kor mange eksemplar som skal trykkast (opplaget).

Ein slik produksjon, med eit opplag av bind 1 på 500 eksemplar, ser ut til å kunne gjerast for ein stad mellom kr. 85.000 og 90.000 (+ mva).

Førsteopplaget av bind 1 hadde ein utsalspris per bind på kr. 300, men det er kanskje rimeleg å doble denne for eit nytrykk?

fredag 24. november 2017

Refleksjonar kring inntektene av eit eventuelt nytt bygdebokbind

Når ein skal kalkulere slike prosjekt, må ein sjølvsagt også rekne med inntektene av boksalet. Ulempa er dessverre at ein får ikkje desse inntektene før i etterkant av stort sett alle utgiftene til arbeid og trykking, og korleis vil salet gå?Bokprosjekt, slett ikkje berre bygdebøker, har derfor betydelege likviditetsutfordringar. Det veit alle som har prøvd å drive bokforlag (som eg har gjort sjølv)...

Når det gjeld bygdebøker av denne sjangeren (busetnads- eller gards- og slektshistorie) generelt, veit ein rett nok at dei er rimeleg sikre salssuksessar, med eit forbehold i høve dei store "døgnfluene": dei får vanlegvis eit løft når dei blir utgjevne, men blir så selde over lang tid, mange år.

Lesja kommune har for så vidt gode erfaringar med slikt boksal. Kommunen har vore forlag ikkje berre for bygdebøkene, men i alle fall òg for Øystein Mølmen: Jakt og fangst i Lesja, Ivar Kleiven: Lesja og Dovre (lenka går til 1923-utgåva, men kommunen gav i 1981 ut eit identisk nytrykk) og fleire.

Det som ofte gjer det vanskelegare å bruke dei erfaringane ein kommune har frå boksal, er manglande rutiner for registrering av boksalet. Det er oppgåver som kjem inn i mellom alt det andre ein kommuneadministrasjon skal drive med, ein manglar kanskje spesifikke postar i rekneskapssystemet osv. For i det heile å vete kor mange bøker som er selde, må ein telje opp det lageret som står att og trekke det frå det opprinnelege opplaget av bøkene. Det må ein da gjere kvart år skal ein halde slikt oversyn. Så langt eg veit har nok ikkje Lesja gjort det - men om eg tek feil er det jo svært bra!

Det siste store prosjektet eg har vore involvert i er Busetnadssoga for Volda. Her oppmoda eg kommunen om å registrere salet år for år og bind for bind frå første bindet vart gjeve ut i 2005, og - som ein kan sjå av tabellen - det har blitt følgt opp. Salet første året eit bind var utgjeve er sjølvsagt størst, men det har óg noko å seie når boka vart lansert; som ein kan sjå vart bind 2 og 6 lansert like opp under jul, og salet vart nok litt mindre det året. Men som ein óg kan sjå, ettersalet av dei enkelte binda går jamt og trutt. Slik har det nok vore med Lesjabøkene òg, utan at eg altså kjenner tal, men bind 1 vart som kjent utseld for mange år sidan.

Prisen på bøker er sjølvsagt òg ein variabel. Er boka for dyr er folk mindre viljuge til å kjøpe, viss dei er usikre på om ho er verd prisen. Nå "toler" nok bygdebøker litt høgare pris enn andre fagbøker, viss dei inneheld stoff folk er interessert i. Og det gjer ofte bøker av denne sjangeren. Voldabøkene blir seld for kr. 600 per ordinært bind, kr. 500 for registerbindet og kr. 3000 for alle bøkene i ei pakke.

Volda kommune sel bøkene på same måte som Lesja har gjort: sjølv over disk eller etter bestilling per post eller telefon og i kommisjon via bokhandlarar og truleg på butikkane rundt om i bygdene. Alt utanom salet over disk fører med seg utgifter: porto for utsending (kan krevjast inn) og salsprovisjon til kommisjonærar. Desse kostnadene varierer sjølvsagt mykje, og det eg ikkje har hatt høve til å sjå på for Volda er kva som har vore bruttoinntekten på boksalet av desse bøkene (ikkje medrekna andre lokalhistoriske bøker Volda kommune òg har for sal). Med det talet delt på samla antal bind kunne ein truleg få eit oversyn over netto inntekter av boksalet for Volda, men det er altså ikkje gjort.

Eit tankeeksperiment

Eit oppdateringsbind for Lesja kan truleg seljast for kr. 600. Ein kan kanskje rekne med at viss det kjem i rimeleg tid før eit julesal, går det nok ut nærare 1000 eksemplar rimeleg raskt? Kva salsutgiftene kan bli er sjølvsagt vanskeleg å meine noko om, men det er kanskje ikkje urimeleg å kunne rekne med netto inntekter på nærare 4-500 tusen lanseringsåret og året etterpå?

lørdag 18. november 2017

Sidetal, tidsforbruk og kostnader, eit muleg oppdateringsbind

Det er notorisk vanskeleg å kalkulere slike prosjekt. Det finst ingen «norsk standard», og arbeidstempo og avbrot av ymse grunnar oppstår nesten alltid.

Metode

I den rapporten Ole Martin Sørumgård og eg har arbeidd med, baserer vi oss på erfaringar frå tidlegare prosjekt vi har vore involvert i, særleg Sulasoga, publisert i fem bind pluss registerbind i 2004–2009. Sulasoga var pilot­prosjekt for utviklinga av bygde­bok­data­base­programmet BSS, og vår programutviklar Ole Martin Sørumgård hadde i realiteten funksjonen som «bygde­bok­for­fattar». Han hadde ansvaret for familieoppsetta («slekts­historia»); desse bøkene har ikkje ordinær gardshistorie (som i Lesjabøkene), og grendekapitla var skrive av ein annan forfattar.

Som ein del av utviklingsarbeidet og pilotprosjektet registrerte Sørumgård tidsforbruk for fleire arbeids­operasjonar, ikkje berre behandlinga i programmet. I Sula-prosjektet vart det utvikla eit skjema til husstandane for å få inn informasjon, denne informasjonen skulle registrerast, manuskript skulle klargjeras og sendast husstandane til gjennomsyn, korrigeringar innarbeidast osv. slik at innhaldet i databasen var klart til utskrift og direkte oversending til trykking. Erfaringane frå Sula-prosjektet har Sørumgård så brukt til å kalkulere ein samla arbeidsinnsats i timar per trykt side i ferdige bøker. Den kalkylen, som for Sulasoga viste om lag 2,5 time per side, er det vi har som metode for å seie noko om arbeidet som må til i eit nytt Lesja-prosjekt. Det er vel og merke den delen som omfattar familie- og personinformasjonen. Bustad- og annan informasjon (gards- og ev. grendehistorie) som skal vere med i den ferdige boka må kalkulerast på anna vis.

Sidetalet

.. er i stor grad proporsjonalt med folketalet i området i den perioden verket skal dekkje. For Lesja reknar vi 1970 som eit «startår» for dei familiane som skal ajourførast i dei gamle bøkene. Det er altså familiane i dei tilsvarande bustadane: gardar og bustadhus, men ikkje nedlagde plassar og fråflytte hus (sjå gjerne innhaldslistene i dei gamle bøkene), som utgjer litt over 700. I tillegg kjem så dei nye familiane som er etablert og bur eller har vore busett i bygda (ikkje detaljkalkulert) etter bøkene var utgjevne.

Så reknar vi ein periode på 50 år fram til ei eventuell ny bok med oppdatert informasjon om dei som står i bøkene og nye familiar og bustader skal vere klar til utgjeving.

Ut frå Sulasoge-erfaringane og med eit liknande oppsett av familiar som i bind 1–3 meiner vi at den oppdaterte familieinformasjonen i eit nytt bind for Lesja kan bli på kring 320–340 sider. Ei ferdig bok vil likevel bli større, og 550–600 sider er truleg ei grense. Namneregister (for- og etternamn) har kanskje størst interesse, og det vil etter desse kalkylane ta ca. 60–70 sider. Tittelsider og innhaldslister tek kanskje 9 sider. Dei gamle karta, viss ein vil bruke dei, tek ca. 45 sider. Da er boka oppe i 450 sider, og ein har att 100–150 sider til disposisjon til andre element: noko utvida tekst på gardar / bustadhus og fleire bilde.

Tidsforbruk og kostnader

Erfaringane frå Sulasoga gav oss også eit brutto timetal arbeid delt på talet på ferdige manuskriptsider for den reine familieinformasjonen, men det gjeld berre med dei arbeidsmetodane som vi utvikla i samband med Sulasoga.

Med bokproduksjonen følgjer det ein del andre operasjonar, i tillegg til oppsett av rein tekst, som må reknast inn: illustrasjonar, redigering, korreksjon av manuskriptet etter utsending til kontroll, produksjon av register og prosjektleiing. Omfanget av dette arbeidet er det vanskeleg å kalkulere på førehand, men digitaliseringa, og ein oppdatert metode med direkte digitalkontakt med den enkelte familien, kan i det minste gjere det lettare enn da dei gamle bøkene vart produsert.

Etter Sulasoge-metoden ville det da, slik vi ser det nå, vere nødvendig med kanskje 1000-1200 arbeidstimar for å gjere innhaldet i ei bok klar for trykking.

Også for bokproduksjonskostnadane, oppsett av boksidene (ombrekking) og trykking tek vi utgangspunkt i erfaringane vi har frå fleire nyare prosjekt. Trykkeprisar har i mange år halde seg svært stabile og vesentleg lågare enn da dei gamle bøkene vart trykte. Opplag og sidetal i boka har sjølvsagt betyding, men mindre enn ein skulle tru. Med eit sidetal i boka på mellom 400 og 600 sider, fargetrykk og opplag på mellom 1000 og 2000 eksemplar er vår erfaring at denne kostnaden kan kome på mellom ca. kr. 150.000 og kr. 250.000.


torsdag 16. november 2017

Korleis oppdatere personinformasjonen på mest muleg effektiv måte?

Da har eg hatt høve til å ta opp att dette arbeidet, og har spekulert ein del på korleis ein bør gå fram for på mest muleg effektiv måte å få inn oppdatert informasjon om a) dei siste familiane i dei gamle bøkene og b) nye familiar som er etablerte.

Den tradisjonelle måten å få inn informasjon om dei siste par generasjonane i slike bokverk på er ved å lage eit papirskjema og sende ut i alle postkassar, og så be folk om å fylle ut og returnere desse til ho eller han som har ansvaret med å skrive ut og redigere teksten ("forfattaren") som skal trykkast.

Når "forfattaren" så meiner å ha fått skrive inn familieinformasjonen komplett, har ho/han ofte, i alle fall i mine prosjekt, tatt utskrift som har blitt sendt i retur som papirpost for kontroll. Det har vore gjort med relativt kort frist før trykking. På den måten blir ansvaret for mulege feil eller manglar overført til den enkelte familie, og "forfattaren" kan avvise klager og kritikk etter lansering av bøkene. Dette vart t.d. gjort i sluttfasen med dei tre Lesja-binda.

Det er likevel fleire ulemper med denne metoden. Det blir produserte svært mykje papir, det kostar porto og det tek etter måten lang tid. Ein må kanskje bruke grendekontaktar for å få inn ferdige skjema.

I dag er jo digitalisering og effektivisering moteord som mange mislikar. Men i denne samanhengen trur eg likevel ein slik prosess kan effektiviserast monaleg gjennom systematisk bruk av nyare digitale hjelpemiddel. I dag kan ein relativt enkelt, t.d. gjennom gratis tenester som Google, sjølv produsere skjema som ein distribuerer på ymse måtar og få resultatet inn for vidare behandling.

Eg trur likevel at for eit ev. Lesja-prosjekt, der vi altså tek sikte på først å registrere dei siste familiane i dei gamle bøkene før innsamling av oppdatert og ny familieinformasjon, at dette kan gjerast enklare og raskare. Det er nemleg vanskeleg å utforme generelle skjema som skal passe for alle familiar, særleg med dei etter kvart nokså kompliserte familiestrukturane ein kan sjå i dei fleste lokalsamfunn ("dine, mine og våre barn"). Eit skjema må da ha mange og kompliserte felt for å fange opp alle variasjonar, og det kan avskrekke mange frå å gå laus på det.

Viss det skulle bli eit prosjekt med å oppdatere personinformasjonen i Lesjabøkene som eg ev. blir involvert i, ser eg derfor for meg ein meir direkte kontakt med kvar familie. Eg vil opprette ein eigen e-postadresse, og ganske enkelt be alle ta kontakt med meg på den. Til slike familiar som allereie står i dei gamle bøkene, sender eg så kopi (klipp/lim i e-postmelding) av det som er registrert, og be om kontroll og oppdatering. Når eg så får svar oppdaterer eg databasen, tar ny klipp/lim-utskrift og sender i retur. Den fram- og tilbakekontakten går til alt er oppdatert og klart til trykking.

Det er muleg at ein slik prosess må avgrensast litt, t.d. til delar av bygda og steg for steg (og kanskje også her å bruke grendekontaktar til hjelp), men det må vurderast nærare og kanskje testast.

Kom gjerne med synspunkt nedafor her.

tirsdag 16. mai 2017

Nærare om behovet for oppdatering av dei enkelte binda

I dette innlegget (frå november 2014) skreiv eg, mellom anna, litt om skriveprosessen med dei tre første bygdebokbinda. I samband med oppdateringsspørsmålet kan det vere relevant å gå litt nærare inn på arbeidsprosessane og framdrifta.

Da eg starta i august 1981 låg det føre eit manuskript skrive av Arne Amundgård, delvis etter slektsoppsett oppsett av Egil Mølmen. Eg skulle altså i utgangspunktet skrive gardshistoria, for slektshistoria var ferdig, men dessverre mangelfull så det vart sett i gang eit betydeleg kontrollarbeid i hovudsak utført av Kristian Anseth (sjå rapportar i årsskriftet for historielaget på 1980-talet). Det arbeidet omfatta heile bygda, og i samband med innskriving av manus på tekstbehandling (delvis av assistentar) utvikla eg det familienummersystemet for krysstilvisingane som er brukt, og kontrollerte at dei stemte innafor kvart bind (problemet med det systemet har eg skrive litt om dette innlegget).

Manuskriptet til bind 1 vart så vidt eg hugsar sendt ut til alle husstandane ettersommaren / hausten 1986 og så innarbeidd og sendt som elektronisk fil til trykkeriet på Otta i mars 1987 (og boka vart lansert like før jul). Dermed er nok 1986 sluttpunkt for personinformasjonen for Lesjaskogen.

Det var så i 1987 eg etablerte forlaget som òg tok over bygdebokprosjektet, mellom anna med utvida kontakt mot Midtvesten og dei viktigaste «Lesja-bygdene» der. Planen var eit eige bind om den store gruppa utflyttarar (sjå Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 58-67). Det vart det ikkje noko av, men informasjonen om emigrantar i bind 2 og 3 er relativt mykje meir detaljert enn i bind 1.

Storparten av arbeidet med bind 2 gjorde eg sjølv, delvis med assistentar tilsette på forlaget fram til hausten 1989 da det gjekk konkurs. Men i 1987 og 1988 arbeidde vi òg med innsamling og skriving av teksten til boka Setrane i Lesja, slik at bind 2 vart ståande litt på vent. Manus til bind 2, frå Mosenden til og med Hågå-gardane, vart så vidt eg hugsar utsendt til husstandane vinteren 1991-1992. Eg arbeidde med ferdiggjering utover hausten 1992 også etter at eg var tilsett som vikar i undervisningsstilling på distriktshøgskulen i Volda, og boka kom like før jul det året.

Så fekk eg fast stilling i Volda og måtte ha meir systematisk hjelp til sluttføringa. Det vart Ingebjørg Ulfsby Bottheim, som gjorde ein svært grundig jobb med å supplere og ajourføre ikkje berre den nyaste personinformasjonen, men i tillegg både emigrant- og annan informasjon om utflyttarar frå søre delen av bygda (og i tillegg ein god del til bind 1 og 2). Manus for bind 3 gjekk nok ut til husstandane vinteren 1995-1996, eg skreiv ferdig teksten om sommaren og kunne levere siste bindet til ordførar Jo Nordahl Bottheim 24. oktober i 1996.

Så det er altså ikkje ubetydeleg forskjell i ‘kvaliteten’ på personinformasjonen frå bind til bind. Bind 1 er svakast og bind 3 utan tvil det som er best oppdatert, nå omtrent 21 år etter siste punktum vart sett.

Gardshistoriene, og dei mindre grendekapitla, vart i stor grad skrive etter same mal, og innhaldet i desse delane av binda trur eg kan seiast å vere av rimeleg lik kvalitet.

Eit oppdateringsbind vil føre all personinformasjon fram til same tidspunkt, men det vil altså sannsynlegvis bli noko «framtungt», da det vil vere behov for relativt meir informasjon om personar i bind 1-området, Lesjaskogen.


Spørsmålet er altså: er det på tide, eller for tidleg, å sette i gang det relativt omfattande arbeidet med innskriving av dei siste familiane i dei tre gamle binda og samle inn og innarbeide nyare personinformasjon?