tirsdag 16. mai 2017

Nærare om behovet for oppdatering av dei enkelte binda

I dette innlegget (frå november 2014) skreiv eg, mellom anna, litt om skriveprosessen med dei tre første bygdebokbinda. I samband med oppdateringsspørsmålet kan det vere relevant å gå litt nærare inn på arbeidsprosessane og framdrifta.

Da eg starta i august 1981 låg det føre eit manuskript skrive av Arne Amundgård, delvis etter slektsoppsett oppsett av Egil Mølmen. Eg skulle altså i utgangspunktet skrive gardshistoria, for slektshistoria var ferdig, men dessverre mangelfull så det vart sett i gang eit betydeleg kontrollarbeid i hovudsak utført av Kristian Anseth (sjå rapportar i årsskriftet for historielaget på 1980-talet). Det arbeidet omfatta heile bygda, og i samband med innskriving av manus på tekstbehandling (delvis av assistentar) utvikla eg det familienummersystemet for krysstilvisingane som er brukt, og kontrollerte at dei stemte innafor kvart bind (problemet med det systemet har eg skrive litt om dette innlegget).

Manuskriptet til bind 1 vart så vidt eg hugsar sendt ut til alle husstandane ettersommaren / hausten 1986 og så innarbeidd og sendt som elektronisk fil til trykkeriet på Otta i mars 1987 (og boka vart lansert like før jul). Dermed er nok 1986 sluttpunkt for personinformasjonen for Lesjaskogen.

Det var så i 1987 eg etablerte forlaget som òg tok over bygdebokprosjektet, mellom anna med utvida kontakt mot Midtvesten og dei viktigaste «Lesja-bygdene» der. Planen var eit eige bind om den store gruppa utflyttarar (sjå Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 58-67). Det vart det ikkje noko av, men informasjonen om emigrantar i bind 2 og 3 er relativt mykje meir detaljert enn i bind 1.

Storparten av arbeidet med bind 2 gjorde eg sjølv, delvis med assistentar tilsette på forlaget fram til hausten 1989 da det gjekk konkurs. Men i 1987 og 1988 arbeidde vi òg med innsamling og skriving av teksten til boka Setrane i Lesja, slik at bind 2 vart ståande litt på vent. Manus til bind 2, frå Mosenden til og med Hågå-gardane, vart så vidt eg hugsar utsendt til husstandane vinteren 1991-1992. Eg arbeidde med ferdiggjering utover hausten 1992 også etter at eg var tilsett som vikar i undervisningsstilling på distriktshøgskulen i Volda, og boka kom like før jul det året.

Så fekk eg fast stilling i Volda og måtte ha meir systematisk hjelp til sluttføringa. Det vart Ingebjørg Ulfsby Bottheim, som gjorde ein svært grundig jobb med å supplere og ajourføre ikkje berre den nyaste personinformasjonen, men i tillegg både emigrant- og annan informasjon om utflyttarar frå søre delen av bygda (og i tillegg ein god del til bind 1 og 2). Manus for bind 3 gjekk nok ut til husstandane vinteren 1995-1996, eg skreiv ferdig teksten om sommaren og kunne levere siste bindet til ordførar Jo Nordahl Bottheim 24. oktober i 1996.

Så det er altså ikkje ubetydeleg forskjell i ‘kvaliteten’ på personinformasjonen frå bind til bind. Bind 1 er svakast og bind 3 utan tvil det som er best oppdatert, nå omtrent 21 år etter siste punktum vart sett.

Gardshistoriene, og dei mindre grendekapitla, vart i stor grad skrive etter same mal, og innhaldet i desse delane av binda trur eg kan seiast å vere av rimeleg lik kvalitet.

Eit oppdateringsbind vil føre all personinformasjon fram til same tidspunkt, men det vil altså sannsynlegvis bli noko «framtungt», da det vil vere behov for relativt meir informasjon om personar i bind 1-området, Lesjaskogen.


Spørsmålet er altså: er det på tide, eller for tidleg, å sette i gang det relativt omfattande arbeidet med innskriving av dei siste familiane i dei tre gamle binda og samle inn og innarbeide nyare personinformasjon?

fredag 5. mai 2017

Meir om etternamn i personinformasjonen


I dette innlegget har eg nokre tankar om etternamnbruken i eit eventuell oppdateringsbind. Dei gjekk mellom anna på at vi bør få med slike namn på alle som blir nemnde i boka slik at dei kan finnast att i det namneregisteret som det vil vere muleg å få laga, viss ein nyttar dataprogrammet BSS.

Men ved nærare ettertanke har ein fleire problemstillingar knytt til det eg har kalla den «moderne namneskikken». Det går mellom anna på doble etternamn og bruk i register.

Ein vanleg familie i dei gamle bøkene kan sjå slik ut:
Marit, 1942, g. 1964 m. Ola K. ___ frå ___ (_-_), 1938. Barn:
1. Kari, 1964, g. ____ m. ____
2. Knut, 1966, tok over.
3. Anne, 1968, g. ___ osv.
(Sjølvsagt heilt fiktive namn.)

I ein slik familie finn ein altså att kvar Marit f. 1942 kom frå i familien framafor, og ein må resonnere seg fram til etternamnet. Viss foreldra (nesten berre faren) har fått påført eit etternamn kan ein rekne med at Marit òg fekk same etternamnet etter at ho gifta seg med Ola (han står normalt med sitt etternamn). Men om Marit verkeleg tok etternamnet til Ola er uråd å vete i bøkene. Da arbeidet starta var det òg framleis nokså vanleg at ungane fekk faren sitt etternamn. Men som vi veit er det blitt meir vanleg at begge i eit foreldrepar beheld sine etternamn og at ungane kan få enten det eine eller det andre frå foreldra, eller kanskje mest vanleg: begge, med eller utan bindestrek.

Viss vi nå seier at Marit hadde familienamnet Ås og Ola var Haug, kan familien bli slik i ein oppdatert versjon (forenkla):

Marit Ås, 1942, g. 1954 m. Ola K. Haug, 1938. Barn:
1. Kari Ås Haug, 1964.
2. Knut Ås Haug, 1966.
3. Anne Ås Haug, 1968.
osv.

Formelt sett er det berre det siste av slike doble namn som blir etternamn. Det som står framafor, mellomnamnet (her: Ås) blir ein del av fornamnet, jf. namneloven - med mindre namna blir kopla saman med bindestrek: Ås-Haug. Dei blir da eit «dobbelt etternamn» og blir rekna som to forskjellige namn (§7).

Gitt at to personar med slike doble etternamn giftar seg, kva blir deira, for ikkje å seie barna, sine etternamn da? Og korleis handtere namna i registeret? Marit f. 1942 kan vere kjent i sin generasjon som Marit Ås fordi familien bur på Ås, men ho «skriv seg» med familienamnet til mannen (Haug). Ved bruk av BSS kan slike namn leggast inn slik at ein kan finne både ‘Marit Ås f. 1942 side ___’ og ‘Marit Haug f. 1942 side ___’ i registeret, men blir det forvirrande?

Heldigvis har vi nok ikkje så mange slike tilfelle i Lesja, men vi har nokre som har teke gardsnamnet som etternamn (§4.8). Da har kanskje berre ein eller ingen av hovudpersonane lenger det etternamnet dei hadde før. Det har elles blitt lettare å skifte namn utan nokon særskilt grunn, så det finst jo mange uvante namneformer i dag (vonleg ikkje så mange i Lesja, heldigvis).

Så det blir i tilfelle nødvendig å drøfte kva for prinsipp ein skal legge til grunn i familieoppsetta i ei ny bok, og kva for namn ein skal kunne rekne med å finne att ein person under i registeret.


Kom gjerne med synspunkt nedafor her eller i FB-gruppa!