I tidlegare dokument (tilbod 2011 og utfyllande notatseptember 2016) er nemninga «oppdatering» av bygdeboka bind 1, 2 og 3 «fram
til dags dato» (2011-tilbodet) brukt. Med dei omgrepa var det tenkt å føre
vidare (ajourføre, supplere) familieinformasjonen som står i bøkene frå det
tidspunktet bøkene vart publiserte fram til trykking av ei ny bok som dekkjer
heile bygda. Det var ikkje tenkt på noko form for «oppdatering» av slekt- og
familieinformasjon lenger bakover i tid. Den informasjonen vil likevel aldri
bli «oppdatert», for det finst store mengder kjelder som kan føre til at dei
mange personane som på 17- og 1800-talet står som «elles ukjent» i bøkene kan
bli identifiserte som busette andre stader i landet eller i utlandet. Slik supplering
blir gjort og kan gjerast på lokalhistoriewikien, slik eg skreiv om i dette innlegget.
Etter at kommunen løyvde midlar til å greie ut eit slikt oppdateringsprosjekt
nærare har vi, det vil seie Ole Martin Sørumgård og eg, drøfta dette nærare og
oppdaga at dette med oppdatering må / bør presiserast nærare.
Tilbodet i 2011 var inspirert av eit liknande prosjekt Herøy
sogelag gjennomførde for Herøyboka – gode og solide bøker publiserte i åra 1962–1963.
Informasjonen i dei bøkene var da 50 år gamal, og sogelaget ville oppdatere den
bakover til familiar etablerte ca. 1920. Eg skisserte derfor at Lesja i eit
liknande prosjekt kan ta utgangspunkt i familiar etablerte i 1960 eller 1970 og
oppdatere desse fullstendig fram mot nytt utgjevingstidspunkt.
Ved nærare ettersyn kan det bli nokså mykje arbeid og ta
relativt stor plass i ei ny bok utan at det betyr særleg mykje ny informasjon,
berre mykje oppattaking.
Familieinformasjon i Lesjabøkene er relativt grundig oppdaterte fram til bøkene
vart trykt, og «oppdatering» av tilnærma ferdige familiar vil truleg berre
medføre datoar for vitale tidspunkt (fødsel, ev. død) for personane i familiane
og ev. flytteinformasjon og justeringar i familieforholda. Men det kan bli
arbeidskrevjande å få inn slik informasjon rimeleg systematisk og «rettferdig».
Dei familiane som har størst behov for oppdatering er
eigentleg berre dei siste på kvar bustad, der det ofte ikkje står anna enn
fornamn og fødselsår for ungane. For slike familiar, og ev. ein neste
generasjon, er det klart behov for oppdatering, særleg for bind 1, noko mindre
for bind 2 og 3.
Det vil likevel i nokre tilfelle vere enkeltpersonar i den nest siste generasjonen som det er behov for
oppdatering om. Det gjeld gjerne dei siste i ein søskenflokk, der ein av dei
eldste har tatt over og etablert siste generasjon, men der yngre søsken står
berre med fødselsår og kanskje «student» eller liknande som «yrke». Eit par slike
døme finn ein i bind 1 s. 418 på Jonsgard, Bjølverud og i bind 3 s. 610 på
Nørdre Rolstad (og sikkert andre stader). Oppdatering av personinformasjonen på
slike bustader kan da ta form av at berre dei av personane i nest siste
generasjon som bør få oppdatert informasjon blir lista først, før den siste
familien frå bøkene og ev. ny generasjon med fullstendig oppdatering.
Herøybøkene dekkjer ein kommune som er 4–5 gonger så stor
som Lesja, med mykje innflytting og manglande informasjon mykje lenger bakover
i tid. Behovet for oppdatering var derfor betydeleg større der enn i Lesja.
Kanskje ein like godt skulle utsette eit prosjekt i Lesja nokre år?
Synspunkt her eller på FB-gruppa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar