mandag 14. november 2022

Gardshistorie: Pantebøkene

Pantebøkene er sentrale kjelder for all gardshistorie. I desse protokollane, etter tinglysingslova av 1935 i eigne saksomslag for kvar eigedom, er alle tinglyste dokument førte inn i full tekst. Det gamle prinsippet var at eit dokument skulle lesast opp på bygde- eller bytinget ("tinglysast"), og viss ingen hadde innvendingar hadde innhaldet rettsvern. Til stades var det normalt vitne som sette namnet sitt under i form av eit stempel eller signet, eigarmerke, som da stadfester at dokumentet er ekte.

Så lenge originaldokumentet var teke vare på var det god nok stadfesting på til dømes eit eigarforhold. Men etter kvart som tida gjekk, generasjonar og eigarar skifta, vart det behov for meir systematisk registrering av eigarforhold. Statsmakta bestemte derfor på 1600-talet at slike dokument skulle førast ordrett inn i eigne protokollar for kvart sorenskriveri i samband med tinglysinga. Frå først av vart dokumenta førte inn i tingboka, men ved Kristian 5's norske lov 1687 vart det innskjerpa, og etter kvart fekk alle sorenskrivarane slike bøker.

For Lesja (Nord-Gudbrandsdalen) startar den eldste tingboka i 1662. Pantebokføringa starta i 1720 medan Gudbrandsdalen var eitt sorenskriveri, men etter delinga i 1731 fekk vi altså eige for Norddalen.

Viss det i bygdeboka er referert til til dømes eit skøyte, finst det gjerne ei bokstavrett avskrift av dette i gardsmappene i bygdebokarkivet, utført av Per Berg. Men ofte er det berre nokså avkorta referat av skøyta, med den viktigaste informasjonen. Skøyte er ofte ført etter formuleringar som er svært standard frå stad til stad, som ein ofte hoppar over ved nyare omskriving.

Skøyte på Sør-Slettom 1794.

Andre heimelsdokument, til dømes husmannskontraktar, eller pantebrev ( under-pant), er det mindre avskrifter av i arkivet.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar