mandag 31. januar 2022

Gardshistorie: Om heimelsdokument i 'gamal grunnbok'

Dette er ei oppfølgjing av bloggposten frå 24. januar, om nyare heimelsdokument. Først litt om historia til grunnboka; ho er den eine hovuddelen i tingslysingssystemet, og har namn på den som har heimel til ein eigedom og rettar som ev. heftar på eigedomen. Den andre delen av systemet er matrikkelen. Desse to utgjer i dag Eigedomsregisteret, i drift frå 1995.

Nemninga grunnbok kom inn i lovverket med tinglysingslova av 1935. Det er eigentleg litt upresist, for det omfattar det tidlegare panteregisteret, der alle tinglyste dokument var og blir ført inn, og i dag gjeld det òg sjølve dei tinglyste dokumenta, som skøyte, jordskiftebeskrivingar, pantobligasjonar osv. Den grunnboksutskrifta ein i dag kan laste ned gratis frå Kartverket (sjå blogg 24.1.22) er eigentleg ei direkte vidareføring av panteregisteret.

Panteregisterert inneheldt registrering av og tilvising til innhaldet i panteboka, sjølve dei tinglyste dokumenta, som grunnboka nå. Fram til 1950 ligg desse dokumenta ope tilgjengeleg i Digitalarkivet. Treng du nyare tinglyste dokument må dei bestillast frå Kartverket.

Og med det er vi nærmare 'gamal grunnbok'. Når du har gardsnrummer og bruksnummer, er det utgangspunktet for å søkje i 'gamal grunnbok': https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb 

Her er det ei lenke til 'Veiledning for søk', og ved utfylling får du ei pdf-fil som består av fleire sider:

  • Framside med kommune-, gards- og bruknummer og namnet på eigedomen:


  • Neste side har ei innhaldsliste, som eigentleg berre viser til dei enkelte sidene
  • Og så den første (viss fleire) sider med dei innføringane som er gjort. Merk at sjølv om bruken av desse arka starta først etter lova av 1935, vil det vere innført eldre dokument som framleis var gyldige, til dømes refernse til skylddelingsforretninga da eigedomen vart etablert.

Som ein kan sjå her, er det kolonne for dagboknummer og 'dagbokført' (dato). Her er det ikkje ført noko, men tinglysinga frå 1935 vart gjort ved at dokument som vart innleverte vart dagbokførte med nummer og dato, og det må ein da nytte for å finne desse dokumenta.

Har ein desse, kan ein bestille dei frå her: https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/search - men Arkivverket har ikkje fullført arbeidet med å registrere alle dokument på nummer, så det kan bli bom sjølv om dokumentet finst. Da kan ein finne sjølve pantebok på årstal og bla manuelt.

Døme på skøyteavskrift ein kan hente ned etter søk på gardsnummer/bruksnummer.


I neste innlegg ser eg nærare på dei eldre panteregistra.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar