tirsdag 21. mars 2017

Bruk av Widerøe flybilde i ei ev. oppdatert bygdebok

Som det går fram av det første tilbodet Snøhetta sendte til Lesja kommune i 2011, har Lesja kommune ein serie med flyfoto tatt av Widerøes flyveselskap i 1962-63. Bilda vart skanna i samband med fotohistorieprosjektet (bind 4) og er arkiverte i Lesja.

Spørsmålet nå er om desse bilda bør brukast systematisk i eit ev. oppdatert bind med busetnadshistorie.

Dei aller fleste bilda er svært god historisk dokumentasjon av korleis busetnaden i Lesja såg ut først på 1960-talet. Eg meinar nok at ein kan bruke stort sett alle av desse i ei oppdatert bok. Det optimale ville truleg vore å nyfotografere (ved hjelp av drone) tilnærma same motiv i dag, og så montere bilda frå 1962-63 opp mot nye tilsvarande bilde på same eller motståande side. Da ville ein få eit godt inntrykk av utviklinga innan busetnaden i bygda i denne perioden.

Utfordringa er at det er over 400 Widerøebilde, og dei vil da åleine legge beslag på over 200 sider. Skal det så i tillegg brukast nye bilde, vil dei òg trenge like stor plass, og da blir nok boka alt for stor, viss ein skal halde seg innafor eitt bind.

Nokre døme frå bildearkivet:

W-99537: Strandheim i framgrunnen, Mariplassen bak til venstre og Groven (Ommundgard).

W-99600 Hågås-Tande i framgrunnen, Blåsenborg og delar av Lesja sentrum bak.

W-99789 Nørdre Verket, Knipstugu i framgrunnen, Nørdre Knipa, Plassen, Lykkom m.fl. bak.

Kom gjerne med synspunkt i kommentarfelt nedafor eller på FB-gruppa.

onsdag 8. mars 2017

Jordbruksteljingane 1939 og 1949

Jordbruksteljingane er ikkje dei mest spennande kjeldene til historia om gardar og plassar. I bygdebøkene er det tatt med informasjon om husdyrhaldet og åkerbruket frå slike teljingar på 1800-talet (dei var eigentleg kombinerte folke- og jordbruksteljingar). Eg brukte dei til å seie noko om i kor stor grad dei enkelte bruk produserte nok mat i forhold til talet på folk som budde der.

Det vart tatt opp meir detaljerte slike teljingar også på 1900-talet, mellom anna i 1907, men grunnlagsmaterialet, informasjonen om drifta på det enkelte bruket, gjekk tapt i brann hos Statistisk sentralbyrå. Heller ikkje for seinare teljingar før 1939 er grunnlagsmaterialet bevart. Det er først frå 1939 og kvart tiande år utover at ein finn slike opplysningar for kvart bruk. Men dei var innsamla under Statistikkloven av 1907, som sette sperrefrist: dei innsamla opplysningane skulle ikkje gjerast kjent for enkelte bruk før etter 60 år. Det var lov å publisere samandrag for minst fem bruk (så vidt eg hugsar). Det er bakgrunnen for dei tabellane som står i kvart grendekapittel.

Nå er det gått så lang tid at både 1939 og 1949 er fritt tilgjengelege (og 1959 blir det om to år). Mykje har skjedd med jordbruket i bygda på dei seksti åra, så eit spørsmål som må drøftast i forprosjektet er om ein skal innarbeide denne informasjonen i ei oppdatering.

Kom gjerne med synspunkt!

Dette 1939-skjemaet (for- og bakside) er frå Søre Plassen på Lesjaverk, gardsnr. 29 br.nr. 2, som òg dreiv Storteigen, gardsnr. 32 br.nr. 2 (sjå bd. 1 side  495 til 497).



tirsdag 21. februar 2017

Om etternamn i ei ev. oppdatert bygdebok for Lesja

Da eg arbeidde med bygdeboka, kom eg raskt i stuss med etternamn-bruken i Lesja. Eg var oppvakse i bymiljø, der alle hadde sine faste etternamn og konene stort sett skifta til ektemannen sitt etternamn da dei gifta seg (trenden begynte å snu på 1970-talet, men mange av mine jamaldringar skifta namn slik).


Da eg begynte hadde Arne Amundgård alt skrive ut eit manuskript med dei fleste familiane i Lesja, frå 1600-talet og fram til kring 1980. Nå har eg ikkje det manuset tilgjengeleg, men bruken av etternamn var litt forvirrande. Det var som kjent ikkje før i 1923 at det vart påbode å ha faste etternamn i Noreg, og før den tid varierte namnebruken mykje. (Sjå nærare om skrivemåtenav namn i bygdebøker i dette innlegget).

Da eg kom til Lesja var det framleis slik at mange «skreiv seg» med eit etternamn som gjerne var ei meir gamalmodig form av namnet på heimgarden eller ein gard ein av forfedrane var frå. For nokre hadde vedkomande forfar kjøpt eller gifta seg til ein annan gard og halde på det opphavlege gardsnamnet som etternamn. Det mest klassiske dømet på Lesjaskog er Mølmen; Ole O. Mølmen, (1830-1912), sjå Øverlie (4-8), bd. 1 s. 299f, kjøpte mange gardar som barna overtok, og dei fleste heldt da på Mølmen som etternamn. Men i daglegtale vart folk på desse (og andre) gardar framleis  kalla med det gamle gardsnamnet - det var noko det tok meg litt tid å oppfatte.

Det uheldige med denne heilt nye namneskikken var og er at det kan føre til at folk begynner å bruke slike nye etternamn på folket også på gardane, der det opphavlege namnet kan vere tusen år gamalt. Det oppdaga eg raskt, og har sidan «slått ned» på slik bruk ved alle høve. Derfor synes eg det er kjekt at nokre gardbrukarar på Lesja i seinare tid har teke att gardsnamnet som slektsnamn.

I alle fall: den måten etternamn vart brukt på førte til at eg kutta ut desse namna i stor grad i bygdebokbinda, og det har nokre forståeleg nok reagert på. Slik det er gjort i bøkene, hadde / har kvar person som ikkje står med moderne etternamn (og det er nok over 99 % når vi reknar med alle:) det gardsnamnet vedkomande kom frå som etternamn.

Den første av hovudpersonane i ein familie der garden har gått frå foreldre til barn, kjem normalt frå familien framafor, og hadde dermed same etternamn. Den vedkomande gifta seg med står så med for- og farsnamn og «frå» ein annan gard. Da var det gardsnamnet vedkomande sitt etternamn, med same eller liknande skriftform.

I dei siste generasjonen før bøkene kom ut hadde så «avvikande» etternamn festa seg i større grad, og dei namna er så brukte i bygdeboka der eg fekk direkte melding om det frå folk sjølve.

I ein eventuell oppdatert versjon er det er aktuelt å legge inn i alle fall den siste generasjonen frå dei gamle bøkene, kanskje også lenger bakover, er det sjølvsagt naturleg å ta med etternamnet med den skrivemåten folk sjølve har valt. Viss dataprogrammet BSS blir brukt til oppdateringa, kan det programmet enkelt produsere namneregister, og da finn ein nok litt lettare fram i alle fall i den boka. Og mi meining er i alle fall at oppdateringa må følgje dei opphavlege binda og ha tilvising til bind- og sidenummer slik at ein enkelt kan gå til dei for å leite bakover.

Om denne bloggen

Ser at det kan vere nyttig med eigne bloggar for spesielle prosjekt. Eg kjem nok aldri unna Lesja eller bygdeboka for den bygda, som vart utruleg viktig for meg både fagleg (fekk vitskapleg stilling på Møre og Romsdal distriktshøgskule) og personleg (fann og fekk etablert eigen familie:).

Eg vil derfor bruke denne bloggen til informasjon om bygdeboka og refleksjonar om muleg oppdateringsprosjekt. Det har eg skrive innleiingsvis om i dette innlegget i den vanleg bloggen min.

Eg har elles brukt bygdebokarbeidet i mange faglege skriveprosjekt, m.a. i årsskriftet (årboka) til Lesja historielag og i andre samanhengar. Ein del slike publiserte arbeid er lagt ut på denne nettstaden (eit stykke nedover, dei øvste innlegga er "papirførelesingar" i generell lokalhistorie).