torsdag 17. mars 2022

Gardhistorie: om dei eldre panteregistra, serie 1 1732 - 1805 og serie 2 1785 - 1864

Som ein kan sjå av den førre bloggen, 10. februar, var det altså to seriar panteregister før den som kanskje er mest kjent, den som går frå 1863. Men den har som nemnt med nokså mange eldre dokument, særleg heimelsdokument, som var nokså gamle. På dømet som er med der, Sør-Slettom, ser vi at det første dokumentet er skøyte frå "Peder Christensen til Henrik Hansen, dateret og thingl. 7 Juni 1794". Peder er nr. 8a i lista over folket på garden i bygdeboka, medan Henrik er nr. 10, men han døydde alt i 1800!

Har må det altså til ei forklaring, så vi hentar like godt opp att øvste del av pantergistersida:


Her er altså 1794-skøytet ført over frå tidlegare register, men heimelshavar, Henrik, var død 63 år før føringa. Så kjem ein 'Indførsel' frå 1828 (utydeleg) som vart avlyst i 1868, altså gyldig  i 1863 da føringa av serie 3 vart starta. Neste dokument er så skøyte frå sonen Hans Henriksen (nr. 11 i bygdeboka) til sonen Henrik (nr. 12) datert 1863, tinglyst 1867 følgt av "Føderaadscontract" av same dato. Men Hans hadde jo ikkje heimel? Ifølgje bygdeboka fekk han det ved skiftet etter mora i 1814, og her ser vi altså at det skiftet nå, 19.juni 1868 vart tinglyst og sikra heimel og heimelsovergang til Henrik (nr. 12).

I dei eldre registra finn vi ikkje dokument vi kan kople direkte til bygdebokinformasjonen.

Serie 2 register 1

Går vi så til panteregister serie 2 nr. 1 er det ingen inngang på namn eller gardsnummer; ein må bla frå gardsnummer 1 Stuguflotten dit ein vil. Det går matrikkelnummervis, nokre eldre gardsbruk har same nummer, men vi finn Sør-Slettom på side 21 i det interne teljeverket på DA:


Her ser vi at det nok har gått litt for fort for skrivaren - han har vore nøydd til å rette gardsnamnet. Denne serien starta altså ca, 1785, og her ser vi at det første dokumentet altså er skøytet frå 1794, som vi altså fann att i 1863-serien. Her står òg 'innførselen' frå 1828; det gjeld eit bankinnskot på 3 spesiedaler 40 skilling. Kva det, og avlystinga i 1868 eigentleg handla om, må vi eventuelt inn i pantebøkene for å finne ut av.

Nedanfor er det tinglyst to dokument som gjeld utskifting "Lessøeskovens Sameieskov", altså alle gardane med rettar i skogen. Denne står òg på alle sidene i registeret, medan detaljane står i panteboka.

For Sør-Slettom skjedde det altså lite som skjer i den perioden denne serien var ført. Men bla gjerne litt framover eller bakover, så ser ein stor forskjell i aktivitetsnivå.

Serie 2 register 2 Lesjaverk

I oversikten og desse registra finn ein òg eit over "Lesja verk", eller "Læsje Verk" som det står på første sida. Sorenskrivaren starta altså å føre registeret i 1849, og avslutta det i 1864- Det var nok for å føre over eigedomane, gardsbruka, til register 1 i serie 3, det vi såg på i førre bloggen og øvst her.

Gardane i det området som nå heiter Lesjaverk, med eige postnummer 2667, låg frå 1660 under jernverket, som ein kan finne meir om under denne bloggen. Som ein kan sjå av bygdeboka, var ingen av gardane her matrikulerte før 1838. Men dei vart fråseld hovudbruket, Lesjaverk gard eller Verket, nokså raskt etter at den siste som prøvde å drive verket til jernproduksjon selde til Tore Mølmen i 1812. Tore og seinare eigarar av Verket selde så unna bruka i det gamle verksområdet eitt etter ett, og skøyta finn vi som regel øvst på registersida for kvart bruk.

Serie 1 1732 - 1805

Denne serien er er ein felles protokoll for norddalen, med seksjonar for kvart tinglag: Vågå, Lom og Lesja, som startar med Vågå på side 2. I dette registeret er ordninga forskjellig; her er side alfabetiserte. På kvar side står ein bokstav øvst, frå A og vidare gjennom alfabetet. Under kvar bokstav finn ein att gardar med namn som startar på den bokstaven, der innføringane går kronologisk under kvar bokstav.

Det ein finn i dette registeret, er pantsetting av jordegods, ikkje direkte heimelsdokument.

"Pandte Register for Lessøe Præstegield" (med Dovre) startar side 57. Kvar bokstav-side er kolonnedelt slik:
  • Det pandtsatte Gods og Skyld
  • Pandsetter- ne
  • Pandhaver- ne
  • for hvad Suma
  • Brevets dato
  • Naar Tinglyst
  • Prot. Fol.
  • hvad Forandring eller naar Aflyst
Vi finn altså at ein eigedom ("Gods") med skyld blir pantsett av ein person, kven som har pantet, summen det er pantsett for, når pantebrevet er datert og tinglyst, folio (side) i panteboka brevet er innskrive og om pantet er endra eller avlyst. Innføringane her kan vere litt utfordrande å kople til gardshistoriene i bygdeboka; slike økonomiske disposisjonar er vanlegvis ikkje teke med der.

Frå side 86 startar: "Efterstaaende Register viiser de uden for Jordegods Pandtsatte Ting, saasom Kreature, Løsøre med videre" - altså pantsett buskap og lausøyre. Det kan òg vere lagt til jordegodset i det førre registeret.

Begge desse registra er altså eigentleg det arkivverket kallar personalpanteregister.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar