torsdag 10. februar 2022

Gardhistorie: om dei eldre panteregistra, først serie 3 1863-1950

Som eg har gjort greie for før, er altså heimelsdokument viktige gardshistoriske kjelder. Det er altså dokument som er tinglese (tinglyst), og som ein i dag finn i grunnboka; sjå tidlegare blogginnlegg. Slike dokument finn ein altså ved hjelp av to forskjellige  før tinglysingslova av 1935: 

  • panteregisteret, der referanse til slike dokument er lista kronologisk, og
  • panteboka, der innhaldet i dokumenta er avskrive i prinsippet bokstavrett, tilsvarande det originale dokumentet (til dømes eit skøyte), som han som la det fram for tinglysing tok vare på sjølv.

Rundt om på mange gardar ligg det slike tinglyste dokument, der ein altså alltid vil finne ei avskrift i protokollen - panteboka - som sorenskrivaren har hatt lagra. Nå er desse protokollane innleverte til Arkivverket og ein kan slå opp i dei på Digitalarkivet.

Men utgangspunktet er altså panteregistra, og når ein søkjer på desse for Lesja kommune på Digitalarkivet får ein opp tre seriar:

  • Panteregister - 1. serie:
    • 1. Nord-Gudbrandsdal sorenskr. 1732 - 1805 Realregister. Panteobligasjoner i fast eiendom og løsøre.
  • Panteregister - 2. serie:
    • 1. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1785 - 1864 Realregister
    • 2. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1849 - 1864 Realregister for Lesja verk.
  • Panteregister - 3. serie:
    • 1. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1863 - 1950 Realregister
    • 2. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1917 - 1950 Realregister. Tillegg.
    • 3. Nord-Gudbrandsdal sorenskr.; Lesja tinglag 1928 - 1950 Realregister. Tillegg.
Det er altså tre 'generasjonar' panteregister der ein finn referansar til tinglyste dokument for Lesja. Som vi ser er den siste, tredje serie, den som ligg nærast opp til 1935 da grunnbok-systemet overtok.

Sidan døma eg har vist tidlegare starta med Haugtun II gnr. 12/14 (Lesjaskog skule), frådelt sør-Slettom gnr. 12/5 i 1932, held eg like godt fram med panteregisteret for den garden.

Det er altså 3. serien nr. 1, realregister 1863-1950. Der finn vi innføringa for "Løbe Nr. 45 Slette Søndre"  på folio (sidenummer) 73a (øvste del):

Her ser ein øvst informasjon om eigedomen (garden): løpenummer og skyld i daler-ort-skilling etter 1838-matrikkelen, det nye gards- og bruksnummeret (12/5) og den nye skylda etter 1886-matrikkelen på 2 mark 72 øre.

Dei trykte overskriftene viser til kva dokument som er tinglyst, pantebok nummer og folio i panteboka og så ein kolonne for "Anmerkninger". Her kan ein sjå referanser til skøyte, skifte, 'overenskomster' , obligasjonar osv., der nokre dokument er overstrokne. Det er slike som vart innførte etter kvart, men avlyste etter kvart som dei vart innfridde.

Sidene vart ofte overfylte. Slik ser nedste del av sida ut:

Her ser vi skylddeling der bruksnr. 13 Skottøygarden vart frådelt i 1926, eit par avlyste pantobligasjonar og så starten på ei utskifting til avløysing av bruksrettar på bruksnr. 5. Detaljane finst i pantebok 33 fol. 370. Vidare ser vi at registeret held fram i 'III' side 137, som viser til 3. serie nr. 3 1928-1950 Tillegg.
Der finn vi framhaldet, med frådelinga av bruksnr. 14 'Høgtun II' (skuletomta) i 1932:


I tillegga er framhaldet for dei enkelte gards- og bruksnummer førte etter kvart som hovudsidene i 1863-1950-registeret vart utskrive. Så på sida framafor 12/5 står framhald for Nørstebø gnr 135/1.

Beste måten å finne desse panteregistersidene på er å gå til Eiendomssøk - Panteregistre, velje kommunen og så gardsnummer og bruksnummer. For Slettom 12/5 kjem det da opp direktelenke til desse sidene.

Kopiar av hovudsidene frå denne panteregisterserien skal elles ligge i alle gardsmappene i bygdebokarkivet.

I neste innlegg ser eg på dei to andre panteregisterseriane, nr. 2: 1785 - 1864 med Lesjaverk 1849 - 1964 og nr. 1 1732-1805.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar