mandag 24. april 2017

Om oppdatering av personinformasjonen

I tidlegare dokument (tilbod 2011 og utfyllande notatseptember 2016) er nemninga «oppdatering» av bygdeboka bind 1, 2 og 3 «fram til dags dato» (2011-tilbodet) brukt. Med dei omgrepa var det tenkt å føre vidare (ajourføre, supplere) familieinformasjonen som står i bøkene frå det tidspunktet bøkene vart publiserte fram til trykking av ei ny bok som dekkjer heile bygda. Det var ikkje tenkt på noko form for «oppdatering» av slekt- og familieinformasjon lenger bakover i tid. Den informasjonen vil likevel aldri bli «oppdatert», for det finst store mengder kjelder som kan føre til at dei mange personane som på 17- og 1800-talet står som «elles ukjent» i bøkene kan bli identifiserte som busette andre stader i landet eller i utlandet. Slik supplering blir gjort og kan gjerast på lokalhistoriewikien, slik eg skreiv om i dette innlegget.

Etter at kommunen løyvde midlar til å greie ut eit slikt oppdateringsprosjekt nærare har vi, det vil seie Ole Martin Sørumgård og eg, drøfta dette nærare og oppdaga at dette med oppdatering må / bør presiserast nærare.

Tilbodet i 2011 var inspirert av eit liknande prosjekt Herøy sogelag gjennomførde for Herøyboka – gode og solide bøker publiserte i åra 1962–1963. Informasjonen i dei bøkene var da 50 år gamal, og sogelaget ville oppdatere den bakover til familiar etablerte ca. 1920. Eg skisserte derfor at Lesja i eit liknande prosjekt kan ta utgangspunkt i familiar etablerte i 1960 eller 1970 og oppdatere desse fullstendig fram mot nytt utgjevingstidspunkt.

Ved nærare ettersyn kan det bli nokså mykje arbeid og ta relativt stor plass i ei ny bok utan at det betyr særleg mykje ny informasjon, berre mykje oppattaking. Familieinformasjon i Lesjabøkene er relativt grundig oppdaterte fram til bøkene vart trykt, og «oppdatering» av tilnærma ferdige familiar vil truleg berre medføre datoar for vitale tidspunkt (fødsel, ev. død) for personane i familiane og ev. flytteinformasjon og justeringar i familieforholda. Men det kan bli arbeidskrevjande å få inn slik informasjon rimeleg systematisk og «rettferdig».

Dei familiane som har størst behov for oppdatering er eigentleg berre dei siste på kvar bustad, der det ofte ikkje står anna enn fornamn og fødselsår for ungane. For slike familiar, og ev. ein neste generasjon, er det klart behov for oppdatering, særleg for bind 1, noko mindre for bind 2 og 3.

Det vil likevel i nokre tilfelle vere enkeltpersonar i den nest siste generasjonen som det er behov for oppdatering om. Det gjeld gjerne dei siste i ein søskenflokk, der ein av dei eldste har tatt over og etablert siste generasjon, men der yngre søsken står berre med fødselsår og kanskje «student» eller liknande som «yrke». Eit par slike døme finn ein i bind 1 s. 418 på Jonsgard, Bjølverud og i bind 3 s. 610 på Nørdre Rolstad (og sikkert andre stader). Oppdatering av personinformasjonen på slike bustader kan da ta form av at berre dei av personane i nest siste generasjon som bør få oppdatert informasjon blir lista først, før den siste familien frå bøkene og ev. ny generasjon med fullstendig oppdatering.

Herøybøkene dekkjer ein kommune som er 4–5 gonger så stor som Lesja, med mykje innflytting og manglande informasjon mykje lenger bakover i tid. Behovet for oppdatering var derfor betydeleg større der enn i Lesja.

Kanskje ein like godt skulle utsette eit prosjekt i Lesja nokre år?

Synspunkt her eller på FB-gruppa.

onsdag 19. april 2017

Om lokalhistoriewikien i bygdebokarbeid

I grunnlagsdokumenta (2011 og 2016) er eg inne på bruk av lokalhistoriewikien. Eg klipper like godt inn frå det siste notatet:
Det er altså gardshistoriedelane (sjå tilbodet frå 2011 s. 2) som ein kan gjere på wikien i større eller mindre grad (oppdateringsbindet bør nok ha noko slik informasjon i trykt form). Den store fordelen med wikien er at ein kan inspirere fleire til både å samle og publisere lokalhistorisk stoff. Det kan til dømes vere skuleelevar, som er meir vande med digitale medium. Gardshistoriene kan supplerast med utfyllande informasjon om personar knytt til gardane, spesielle hendingar osv. – større og mindre sjølvstendige artiklar som blir lenka inn til den enkelte garden eller bustaden. Dette kan sjølvsagt gjerast for alle slike objekt, også nyare bustadhus. 
Også andre prosjekt vurderer ei slik løysing. Eg er til dømes sjølv i diskusjon med Rauma historie-lag om eit prosjekt for gamle Grytten, og har skrive ein tidleg og mangelfull første versjon av ei slik gardshistorie her
Fordelen er som ein kan sjå at ein kan lenke opp til stader og uttrykk, gardskart, kjelder og nærare omtale av personar (sjå om Ola K. under Brukarar). Oppdateringar og supplement t.d. med gamle og nye bilde kan kven som helst gjere som har registrert seg som brukarar. 
Wikien har for så vidt ikkje mange slike relativt fullstendige busetnadssogeverk, men Heimar og folk i Bykle er faktisk komplett. 
Det viktigaste med ei wikiløysing er at ho er dynamisk og kan endrast etter kvart når ein oppdagar feil eller finn ny informasjon. Trykte medium er statisk og viser informasjonen per trykketidspunkt.
For meg er det eigentleg utilfredsstillande å ha to avgrensingar i skrivinga: 1) eit "fikseringspunkt" (når teksten skal leverast til trykking, og 2) sidetalet i trykte publikasjonar. I slik lokalhistorieskriving er ein på "mikronivå", men som ein veit - det er mykje som kan skrivast om enkeltpersonar og om gardar.

Det er altså som supplement til innhaldet i dei gamle bøkene, både gards- og personinformasjonen, wiki kan vere ei god løysing. For dei gamle bøkene begynte eg alt i 2009 med både å rette feil og supplere med ny informasjon om personar som står som "eller ukjent" eller manglande informasjon om familiane.

Lenke til oppdateringssidene:
Bind 1
Bind 2
Bind 3

Det var særleg krysstilvisingssystemet med familienummer det vart ein god del feil i, særleg for bind 1. Eg har ein arbeidskopi av den boka, der alle feil eg fann i bd. 2 og 3 vart ført inn. Desse feila er retta opp til og med Einbugardane under bind 1, men elles nokså tilfeldig.

Kven som helst kan registrere seg som brukar av denne nettstaden, det er gratis og den blir drifta av Norsk lokalhistorisk institutt så den kjem til å vere der i overskulege framtid. Eg har laga ein liten introduksjonsfilm som viser korleis ein kan bruke lokalhistoriewikien.