tirsdag 16. mai 2017

Nærare om behovet for oppdatering av dei enkelte binda

I dette innlegget (frå november 2014) skreiv eg, mellom anna, litt om skriveprosessen med dei tre første bygdebokbinda. I samband med oppdateringsspørsmålet kan det vere relevant å gå litt nærare inn på arbeidsprosessane og framdrifta.

Da eg starta i august 1981 låg det føre eit manuskript skrive av Arne Amundgård, delvis etter slektsoppsett oppsett av Egil Mølmen. Eg skulle altså i utgangspunktet skrive gardshistoria, for slektshistoria var ferdig, men dessverre mangelfull så det vart sett i gang eit betydeleg kontrollarbeid i hovudsak utført av Kristian Anseth (sjå rapportar i årsskriftet for historielaget på 1980-talet). Det arbeidet omfatta heile bygda, og i samband med innskriving av manus på tekstbehandling (delvis av assistentar) utvikla eg det familienummersystemet for krysstilvisingane som er brukt, og kontrollerte at dei stemte innafor kvart bind (problemet med det systemet har eg skrive litt om dette innlegget).

Manuskriptet til bind 1 vart så vidt eg hugsar sendt ut til alle husstandane ettersommaren / hausten 1986 og så innarbeidd og sendt som elektronisk fil til trykkeriet på Otta i mars 1987 (og boka vart lansert like før jul). Dermed er nok 1986 sluttpunkt for personinformasjonen for Lesjaskogen.

Det var så i 1987 eg etablerte forlaget som òg tok over bygdebokprosjektet, mellom anna med utvida kontakt mot Midtvesten og dei viktigaste «Lesja-bygdene» der. Planen var eit eige bind om den store gruppa utflyttarar (sjå Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 58-67). Det vart det ikkje noko av, men informasjonen om emigrantar i bind 2 og 3 er relativt mykje meir detaljert enn i bind 1.

Storparten av arbeidet med bind 2 gjorde eg sjølv, delvis med assistentar tilsette på forlaget fram til hausten 1989 da det gjekk konkurs. Men i 1987 og 1988 arbeidde vi òg med innsamling og skriving av teksten til boka Setrane i Lesja, slik at bind 2 vart ståande litt på vent. Manus til bind 2, frå Mosenden til og med Hågå-gardane, vart så vidt eg hugsar utsendt til husstandane vinteren 1991-1992. Eg arbeidde med ferdiggjering utover hausten 1992 også etter at eg var tilsett som vikar i undervisningsstilling på distriktshøgskulen i Volda, og boka kom like før jul det året.

Så fekk eg fast stilling i Volda og måtte ha meir systematisk hjelp til sluttføringa. Det vart Ingebjørg Ulfsby Bottheim, som gjorde ein svært grundig jobb med å supplere og ajourføre ikkje berre den nyaste personinformasjonen, men i tillegg både emigrant- og annan informasjon om utflyttarar frå søre delen av bygda (og i tillegg ein god del til bind 1 og 2). Manus for bind 3 gjekk nok ut til husstandane vinteren 1995-1996, eg skreiv ferdig teksten om sommaren og kunne levere siste bindet til ordførar Jo Nordahl Bottheim 24. oktober i 1996.

Så det er altså ikkje ubetydeleg forskjell i ‘kvaliteten’ på personinformasjonen frå bind til bind. Bind 1 er svakast og bind 3 utan tvil det som er best oppdatert, nå omtrent 21 år etter siste punktum vart sett.

Gardshistoriene, og dei mindre grendekapitla, vart i stor grad skrive etter same mal, og innhaldet i desse delane av binda trur eg kan seiast å vere av rimeleg lik kvalitet.

Eit oppdateringsbind vil føre all personinformasjon fram til same tidspunkt, men det vil altså sannsynlegvis bli noko «framtungt», da det vil vere behov for relativt meir informasjon om personar i bind 1-området, Lesjaskogen.


Spørsmålet er altså: er det på tide, eller for tidleg, å sette i gang det relativt omfattande arbeidet med innskriving av dei siste familiane i dei tre gamle binda og samle inn og innarbeide nyare personinformasjon?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar